Her kommer nyheiter og informasjon fortløpande om Hillefast:
2026-04-23 . I dag stilte overraskande VLFK v/John Martin Jacobsen opp i Kvinnherad kommunestyre, og det var heilt klart for å ned snakka Hillefast og framsnakka Djupavika, som var den viktige saka! Kvifor ikkje væra objektiv og sjå mogelegheiter enn å væra negativ til Hillefast og eit ferjefritt samband? – Hjelp oss heller å få talla vi spør om på bordet, så får politikarane våre bestemma!
2026-04-22 Etter fylkeskommunen sitt svarbrev og at dette nærmast er presentert som negativt og kroken på døra for Hillefast, har ein her måtta ta til motmæle i lokalavisene. Den 19. april signaliserte Kristleg folkeparti at det var svært sannsynleg at dei ville bryta med koalisjonen og stemma imot Djupavik-prosjektet. – Men her skal ein bruka meir pengar!
2026-04-16 Mottatt negativt svar på spørsmål om ferjeavløysingsmiddlar mm frå VLFK. Det ironiske er at det er VLFK prosjektleiar for Djupavik-prosjektet som er sakshansamar for saka. Ein må stilla spørsmål om VLFK har høyrt om habilitets reglar og korleis ein kan ta dette brevet seriøst. — Men heilt klart vi må ha både kommunane og fylkeskommunen med oss.
2026-04-09
Sendt purrebrev til VLFK om spørsmål om ferjeavløysingsmiddlar mm.
2026-04-06
Sendt brev om konsekvensutreiing til:
Aker Solutions Stord, Leirvik As, Halsnøy Dokk AS, Tronds Marine Service As og WESTCON.
2026-03-29
Sendt tilsvar til Stord24 sitt innlegg «Kystverket kritisk til Hillefast».
2026-03-25
Kristian Hus innlegg om Hillefast blir vist på nettsida «Stord ront».
2026-03-25
MDG går igjen ut med støtte til Hillefast basert på Kristian Hus innlegg.?
2026-03-24
Kristian Hus går ut i lokalavisene med god støtte til Hillefast-prosjektet etter foredraget på Trio-huset.
2026-03-17
Foredrag på Husnes for «Gamlekara i Trio IL» om Hillefast.
2026-03-16
Mottatt tilbakemelding frå Kystverket på vår spørsmål om møte, og med rettleiing om det vidare arbeid.
2026-03-16
Foredrag i «Karaklubben» om samferdsel med mest vekt på Fjelberg-sambandet, men og Hillefast og veier på Halsnøy.
2026-03-06
Har ein lengre telefonsamtale med leiar for Arealplanen i KK ved Rune Helland.
2026-03-06
Sender inn igjen til KK vårt tidlegare innspel til Arealdelen i k-plan frå 2023 og bed om at reservasjonsområde for mogelege framtidig samferdselområde må bli tatt med i revisjonen.
2026-03-05
Møte i VLFK hovudutval for samferdsel og mobilitet for å forbetra ferjeavløysingsordninga. NB! Punkt 4 i forslag blei sletta, nemleg om ikkje å gå inn på nye ferjeavløysingsprosjekt før ordninga er forbetra.
2026-02-27
Sende spurnad til Kystverket v/Turid Susort Jansen om møte?
2026-02-17
Tilbakemelding frå «Tankesmien Vest» ved Kjetil Gillesvik at vår prosjekt er interessant, men anbefaler å støtte «Hordfast» fyrst.
2026-02-16
Kontakta «Tankesmien Vest» ved Kjetil Gillesvik etter å ha lest eit innlegg i BT om kostnader / Hordfast. Samt sende over vårt konsept på ferjefritt samband Kvinnherad – Stord/E39 til han.
2026-02-10
Var på vegmøte (Arm til Bergen) i Nordheimsund. Snakka med fylkesordførar Jon Askeland og fekk overlevert brev, vedr. spurnad om ferjeavløysingsmidlar og Hillefast konseptet til han.
2026-02-06
Sende brev til VLFK om spørsmål om å få overslag over stipulerte ferje avløysings midlar mm.
2026-01-29
Laget « HILLEFAST – 937 023 391» er registrert og tilhøyrande stiftelse og vedtekter dokument registrert.
2025-12-13
Konvertera «Interesselaget for betre kommunikasjon Kvinnherad – Stord/E39» til eit registrert lag «Hillefast». Søknad sendes til Altinn.
2025-12-11
«Interesselaget for betre kommunikasjon Kvinnherad – Stord/39» vedtar å registrere «HILLEFAST» som eit pådrivarlag for ferjefritt samband Kvinnherad – Stord/E39 via Altinn.
2025-11-24
Informasjonsmøte om «Hilletrassen» på Sunnhordland folkehøgskule. Bra 0ppmøte med representantar frå FrP, INP, AP, og MGD, samt ordførar Vegard Bjørnevik.
2025-10-10
Innspel til Vestland fylkeskommune planprogram for regional plan for areal og mobilitet.
2025-06-16
UiB/G.O.Sars utfører grunnundersøking i området mellom Hille og Fluholmane.

