HILLEFAST

Ferjefritt vegsamband Stord/E39 – Kvinnherad!

Typisk illustrasjons oversiktsbilde med flytebru-landing mot Valøyodden på Stord. Tunell innslag på Halsnøy har fleire moglegheiter.
Prinsipp for omlegging av ny seglingslei øst av Hille. På denne prinsipp-illustrasjonen viser flytebru-landing mot Valøy.

Kort beskriving av «Hillefast»

Undersjøisk tunell Halsnøy – Hille – ca. 5,5 – 6.5 km

Lav flytebru Hille – Stord (Valøy / Valøyodden) ca. 3.2 km

Hillefast medfører:

Eit ferjefritt vegsamband opent 24 timar I døgnet, og som medfører at ein kan reisa kva tid ein ynskjer. Dette mot dagens midlertidig 40 minuttars ferjesamband, med 50 minuttar frekvens, stengt om natta. Kan også erstatta hurtigbåt og ambulansebåt. Fjernar diskusjonar om nedskjering på ferjer og rutefrekvensar.

Reisetid:

Medfører nedkorting av reisetida frå regionsenteret Husnes til regionsenteret Leirvik til ca. 18 minutt. Reisetida frå Kvinnherad til Bergen vil bli korta ned til rundt timen, og til Stavanger ca. 1.5 time, når «Hordfast» blir bygd og «Hillefast» ferdig stilt!

Hillefast som miljøprosjekt:

Hillefast gjev stor miljøgevinst ved at tunell innslag på Halsnøy blir meir fleksibelt ved plassering, og legg ikkje beslag på areal i strandsona.
På Stord vil eit brufeste medføra betydelege mindre inngrep i strandsona en nyetablering av eit nytt ferjestø.

Regional utvikling:

Hillefast» som sambandet blir kalla, er siste ledd for å gjera «Industriaksen» frå Odda gjennom Kvinnherad og Stord til Bømlo ferjefri. Opnar opp for eit mykje større bufellesskap og arbeidsmarknad.
Styrkjer tilgang til: opplæring, beredskap, sjukehus og andre offentlege tenester i regionen, og gir næringslivet sparte kostnader ved transport og nyetablering.

Kvifor ikkje Hillefast?

Når Rogaland har fått Rennfast, Finnfast, Ryfast, T-forbindelsen, Rogfast og arm opp til Kvitsøy?

Har ikkje vi som bur på Kvinnherad-halvøya rett til å blir ferjefritt tilknytt E39? Dette mot å bli totalt akterutseglt og hamna i bakevja når Hordfast kjem?

Felles bu og arbeidsmarked:

Opnar opp for eit mykje større bufellesskap og arbeidsmarknad. Styrkjer det kollektive reisetilbodet og kan gi korrespondanse på kyst- og nett-buss til / frå Stavanger – Bergen på heile rutetilbodet. Opnar opp for at Kvinnherad blir ettertrakta stad å etablera ny næring og busetnad.

Gjennombrotet for Hillefast.

Gjennom tidlegare arbeid med mogeleg tunell frå Halsnøy til Huglo, fekk vi via NGU rapport som viste over 250 meter med lausmasse som måtte forserast og som dermed gjorde dette tunell alternativet uaktuelt. Da NGU ikkje hadde data på lausmasse forholda mellom Hille og Fluholmane, gav dei råd om å ta kontakt med UiB (Universitetet i Bergen) som var rundt på kysten og dreiv med opplæring i grunn undersøking. Etter kontakt med UiB i over 3 år, fekk vi gjennombrotet den 16. juni 2025, da dei kom på besøk med G.O.Sars og utførte TOPAS skanning med sediment ekkolodd for oss.

G.O.SARS / UiB grunnundersøking.

  • 16. juni 2025 utfører UiB lausmasse registrering med TOPAS sediment ekkolodd.
  • Kart over område vi ønska sjekka, var oversendt UiB.
  • Allereie same kveld fekk vi munnleg positiv tilbakemelding om mogeleg fjellrygg og djupne ned til fast fjell!
G.O.SARS utfører grunnundersøking mellom Hille og Fluholmane.
Berggrunn område mellom Hille og Fluholmane.

Behandling av TOPAS registrering.

  • Utover hausten 2025 utarbeida UiB registrerings profiler og kart over undresøkingsområdet.
  • Det er ikkje tvilsamt at utviklinga og kvaliteten på grunn-undersøkinga har hatt stor utvikling og at oljeindustrien har påverka dette.
  • Vi er svært takknemlege til UiB for den jobben dei har gitt oss i på dette prosjektet.
  • Fjellryggen som går mellom Hille og Fluholmane har ei bredde på ca. 300 meter.

TOPAS grunn-undersøking.

  • Mottatt profilbilde fra TOPAS grunn-undersøking som viser havbotn og lausmasse i mogeleg tunell trase.
  • Dette var gjennombrotet for oss for å dokumentera at lausmassemektigheita mellom Hille og Fluholmane var minimale og ikkje til hindring for ein undersjøisk tunell.
  • Normalt krev ein 50 meter fjell over dekning ved bygging av undersjøisk tunell, men her kan morenemassane gi grunnlag for mindre?
TOPAS generert profil som viser morenemasse over fjellbotn i mogeleg tunell trase.

Hillefast medfører slutten på ferjereiser!

Ferjereiser ei fortid med Hillefast!

  • Hillefast medfører at ferjereiser på 40 minutt på det midlertidige ferjesambandet Skjersholmane – Ranavik blir ei fortid og historie.
  • Aldrig meir forslag og diskusjonar om å redusera talet på ferjer og ferjeavgangar.
  • Når bompengeperioden er over og sambandet nedbetalt, så er ferjebillettar historie.

Hillefast – ei ny tidsrekning!

  • Det er slik vi vil ha det, ferjefritt samband med Hillefast.
  • Eit samband som knyter Sunnhordlandsregionen saman.
  • Kan reisa kva tid ein vil, og vegen er open 24 timar i døgnet.
  • Trafikken vil gjevne seg ut og ikkje komma i ferjekøar.
  • Hillefast er sambandet som er nøytralt om ein enten skal nordover mot Bergen eller sørover mot Stavanger.
  • Ingen rasar køyring for å nå ferja lengre!
Ny tidsrekning for sambandet Kvinnherad – Stord/E39 — Slik kan det bli med Hille-tunellen!